Hopp til innhold

Tarjei, 13 år

Tarjei, 13 år

Om boka

Tarjei må bu annankvar veke hos mor og far
Det er ikkje lett når livet snur seg på hovudet slik det
gjer for Tarjei når foreldra hans skiljer seg og mora
får ny kjærast. Han kjenner seg heimlaus.

Ikkje berre må han flytta mellom to heimar kvar
einaste veke, noko som skapar både uro og praktiske
problemar. Kvar er eigentleg gymbagen? Han må og
handtera mange nye kjensler. Sjalusi, einsemd og
sinne. Det er ikkje lett for Tarjei å venja seg
til det nye livet. Men nokre kjensler er og av det
gode slaget, til dømes kjenslene han har for Aisha.

Denne teikneserien har lite dialog, korte setningar og tydelege karakterar.

Utdrag fra boka

– KVA SKAL DE I HELGA?

– ME SKAL SJÅ PÅ EIT ELLER ANNA
TEATERSTYKKE SOM KUSINA MI ER
MED I. GANSKE KJEDELEG. MEN PÅ
SØNDAG SKAL EG GAME HEILE DAGEN.
SKAL IKKJE ETE EINGONG!

– KVA MED DEG?

– EG VEIT IKKJE, EG SKAL VERE HJÅ
MAMMA. ER DET NOKON SOM VIL
HENGE PÅ FREDAGSKVELDEN? EG
ORKAR IKKJE VERE SAMAN MED
LEIF.

– HAN VERKAR DÅ OK.

– JA VEL. DÅ KAN DU HENGE MED HAN.

– EG KAN GODT KOMME BORT
FREDAGSKVELDEN, SÅ KAN ME GAME
ELLER SJÅ EIN FILM?

– JA, KULT.

Boka er en del av: 100-lista

Antall sider: 126

Utgivelsesår: 2023

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: Lite tekst, mange bilder

Sjanger: tegneserier

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234003974