Grøssar for ungdom!
Kva gjer du når du høyrer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen, der du absolutt ikkje skulle gå?
Når mystiske ting byrjar hende, og du ikkje klarer å finne ei naturleg forklaring?
Nokre gonger blir det opp til dei i notida å rydde opp i hendingane i fortida sjølv om det kan bli farleg.
Svartedalen er ein grøssar der spenninga held deg klistra til sidene.
Eg synest det gamle huset er litt nifst.
Om natta høyrer eg knirking i veggene.
Vinden uler som håse ugler rundt hushjørna.
Og ei natt vakna eg av lydar frå loftet.
Det høyrdest ut som føter som lista seg
og ei dør som kvein i usmurde hengsler.
Det er nesten som om heile huset lever.
Pappa berre ler når eg snakkar om det.
Spøkelse finst berre i hovudet til folk, seier han,
og i gamle utrulege forteljingar.
Støttet av: Leser søker bok
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: skjønnlitteratur, spenning
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788252187304