Statsminister-boka

Om boka

Møt statsministeren, heilt privat.
Han likar å styre landet,
han likar å vere sint,
men han likar også å drøyme seg bort
med blåklokkene.
Vår naive statsminister
liknar litt på deg og meg.
Boka er skriven for 45 år sidan,
og var då tenkt for barn.
Det tok si tid å få ho ut,
og på den tida har barna blitt vaksne.
Boka passar difor for alle,
særleg fordi ein sjølv kan sjå for seg
korleis bileta skulle sett ut.
Om du likar teikneseria Kongen din,
passar denne artige diktsamlinga godt.
Einar Økland (født 1940)
er ein norsk forfattar
med ein stor produksjon bak seg.
Han har gitt ut nestan 80 bøker
av ulike slag, og vunne fleire
viktige priser for arbeidet sitt.

Utdrag fra boka

STATSMINISTEREN HAR EIN UVANE
Statsministeren
som er så flink
til å hugse på nistepakken
og styre det store stortinget
og til å sløkkje lyset
på badet
har ein uvane:

Han går i eplehagen
og rister på alle trea
så alle epla fell ned.

Bla i boka