Hopp til innhold

Soldagen

Soldagen

Om boka

Problema er ikkje over for Ilias

I Soldagen møter vi igjen Ilias og Amina
frå Polarnatt. Her får dei selskap av Maja,
som alltid rotar seg opp i trøbbel.
Eit pengeskrin forsvinn, og mistanken fell på Ilias.
Maja har delvis skuld i at det blir borte,
og bestemmer seg for å ordne opp.

Det går fint an å lese Soldagen utan å ha
lese Polarnatt først.
Historia følgjer tett på Ilias og Maja,
og vekslar mellom dei to.

Det er god driv i boka, og spenninga aukar
frå side til side.

Mykje dialog gjer boka lett å lese,
og illustrasjonane løftar skildringane
av personar og miljø.

Soldagen er ein engasjerande thriller.

 

Utdrag fra boka

– Eg må prøve å ordne opp, seier Ilias.
Lufta han blæs ut, blir til frostrøyk.
– Berre sei at eg kjem tilbake i løpet av dagen.

Maja trur han seier ‘håpar eg’ til slutt,
men det er så lågt at ho ikkje er sikker.
Ilias byrjar å småjogge ned mot vegen.

Kroppen til Maja verker når ho reiser seg.
Ho kjenner seg som ein stiv fisk i frysedisken.
Skal ho gå bort til tante?
Det vrenger seg inni henne ved tanken.
Då må ho forklare kva som har skjedd.
Ilias har komme eit godt stykke.
Han ser liten ut der han spring under dei gråmaga skyene.
Ei mørk rift på den snødekte vegen. Veit han at Nils har kniv?

Maja skundar seg andre vegen,
for ho veit om nokon som gjerne vil hjelpe
og ikkje stiller spørsmål.

Støttet av: Leser søker bok

Boka er en del av: Bokpakke vår 2024

Antall sider: 107

Utgivelsesår: 2024

Språk: nynorsk

Forlag: Samlaget

ISBN: 978-82-340-1182-5