Rasmus leikar med elden

Om boka

Det er ikkje noko ondt i Rasmus.
Men han må alltid rote det til for seg.
No må han byte skule.
Og dessuten skal han til politiet til forhøyr.
Men ingen kjenner Rasmus så godt som Julia
og ho er verkeleg ein god venn.
Boka Rasmus leikar med elden
vart på eit seminar om lettlestbøker
på Nordens folkhögskola Biskop Arnö.
I kvar gruppe deltok
barne- og ungdomsforfattarar
og illustratørar frå ulike nordiske land.
Boka har seinare vore bearbeidd
av forfattarane i fellesskap.
Jan Ove Ulstein (født 1944) er ein norsk
teolog, forfattar og poet.
Han har skrive ei rekke bøker, både
barnebøker, romaner, salmer og dikt.

Utdrag fra boka

Brått snubla Rasmus i noko.
Men det var berre eit par trekasser.
Dei stod att etter skulen sin loppemarknad.
Det gav Rasmus ein lysande idé.
Han braut laus eit par små fjøler frå ei kasse.
Tok fram kniven
og flisa opp eine enden
så han vart som ein fakkel til å tenne på.