Hopp til innhold

Polarnatt

Polarnatt

Om boka

Ilias har rota seg bort i eit farleg miljø
Han bur på eit asylmottak saman med veslesøstera si Amira.
No treng han raske pengar.
Dei rømmer ut i den kalde mørke vinternatta,
med pengeinnkrevarane hakk i hel.

I Polarnatt er spaninga i gong frå første side,
og historia er skildra tett på dei to søskena.
Kapitla er korte med hyppige avsnitt.
Språket er enkelt og har mykje dialog som driv historia framover.
Illustrasjonane er stemningsskapande og
tek oss med på flukta.
Polarnatt er ein drivande god thriller.

 

Utdrag fra boka

Ilias hjelper Amira på beina.
– Går det bra med deg? spør han.
Amira nikkar, men heile kroppen hennar ristar.
Augo er store, ho hikstar etter luft.
Nils kjem rundt bilen, og Amira rykker til.
Ilias held rundt henne, held øksa fram mot Nils.

Nils blør frå eit kutt i panna.
– Kvar er pengane? seier Nils, ser ikkje på øksa,
kjem berre nærare, endå eit steg nærare.
– Stopp! Elles høgg eg, seier Ilias.

Støttet av: Leser søker bok

Boka er en del av: 100-lista, Bærekraftsbiblioteket

Antall sider: 80

Utgivelsesår: 2019

Språk: Nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: bilder, Mye dialog

Sjanger: skjønnlitteratur, spenning

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252198904

Lån boka på ditt bibliotek: