På ein skala frå ein til ti

Forfatter: Ann Helen Kolsås Ingebrigtsen
Tema: familie, forelskelse, funksjonsnedsettelser, identitet, kropp og helse, vennskap
Alder: Ungdom
Korleis leve med ein annleis kropp?
Miriam skadde foten då ho var to år. Sidan har ho halta og hatt store smerter. Med åra har foten berre blitt verre og ho bruker mykje tid på å skjule beina sine og kor vondt ho eigentleg har det.
Etter sommaren skal ho opererast, og det gruar ho seg til. Tvillingsystera Malin får starte på vidaregåande og leve eit vanleg sekstenåringsliv, medan Miriam må vente til etter operasjonen med å fortsette livet.
Rett før operasjonen møter ho Torjus og vert forelska. Ho må fortelje ham om foten, men kviar seg. Kva skjer med forholdet når han får vite sanninga? Kjem han da til å like henne?
«På ein skala frå ein til ti» er ei sterk og sår forteljing om å vere annleis, og om kor vanskeleg det kan vere å leve i ein kropp som ikkje fungerer slik ein skulle ønskje. Dette er ei viktig bok om korleis det kan vere å leve med ei funksjonsnedsetjing.
Boka har korte kapittel, få og tydelege karakterar, mykje dialog og stort lesedriv.
Eg leitar fram den kvite sommarkjolen eg kjøpte førre
veke. Tar han på.
— Kjem du snart eller?
Malin bankar på døra mi. Ho er skikkeleg utolmo-
dig.
— To sek, ropar eg og ser meg i spegelen. Eg ser heilt
dust ut. Veit ikkje kvifor eg kjøpte han. Trudde eg at
beina mine plutselig skulle vere pene? Nedover låra
ser eg nesten ut som ein vanleg person, men alt nedom
knea er stygt. Beina mine er flekkete og ujamne, som
om eg har klint på meg sjølvbruning i blinde. Nedst
på beina er det verst. Det var der eg ble mest skada,
og det ser ut som eit lappeteppe av hud. Omtrent sånn
bolledeigen ser ut når mamma skal samle restane og
kna på nytt. Eg tar på tennissokkar, ser om det blir
betre. Det skjuler dei verste arra, men ser om mogleg
enda teitare ut. Som om det går an å skjule at det høgre
beinet er kortare og tynnare enn det venstre. Det ser ut
som eg prøver å gøyme noko som ser mest ut som ein
hjortefot. Det søkk i meg. Eg er så lei av å gå med buk-
ser heile tida. Det er sommar, det er steikande varmt.
Eg vil ha på kjole, som alle andre.
Auga mine fyller seg med vatn, og eg må blunke
raskt for å få det vekk. Vil ikkje at Malin skal kome
inn og sjå at eg græt. Vi skal på fest. Det er sommer-
ferie. Den beste tida av året. Liksom. Bading, solned-
gang på svaberget, nakne leggar føkkings overalt. Eg
hentar eit papir og tørkar tårene før dei rekk å renne
nedover kinna.
Hovedkategori: Litt å lese
Egenskap: Få karakterer, korte kapitler, Mye dialog
Sjanger: romaner, skjønnlitteratur
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234014185