Hopp til innhold

Nedteljing

Nedteljing

Om boka

Ein veit aldri kven ein treff på internett.
Det er sommarferie og Viggo heng saman med
venene sine på stranda. Dei kjedar seg.
Viggo tenkjer mykje på jenter. Han er forelska i Emma som er kjærast
med bestevenen Alex.

Venen Oskar viser han Chatroulette, og Viggo vert hekta.
Det skal få fatale konsekvensar.

Boka har korte kapitlar og ein tydeleg skrifttype.
Nokre vanskelege ord.

På slutten av boka er det ein del dialog på engelsk.

Utdrag fra boka

Eg kjenner det søkk i magen då Emma
henger seg rundt nakken til Alex og veltar
i vatnet.
Ute i fjorden skin små lys av grønt, raudt
og kvitt frå eit lasteskip som er på veg innover.
Borte med bålet ser eg det blå lyset frå mobilen
som skin opp i ansiktet til Oskar.
Eg reiser meg og går bort til han. Kjenner at
natta har begynt å bli kald.
- Kva gjer du?
Eg lener meg forsiktig mot Oskar, som
smiler tilbake.
- Sjekk, da, seier Oskar og viser meg
telefonen. - Det er ein slags chatroulette.

Antall sider: 96

Utgivelsesår: 2018

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: Mye dialog

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Gyldendal

ISBN: 9788205514485

Lån boka på ditt bibliotek: