Hopp til innhold

Nattgjengar

Nattgjengar

Forfatter: Siri M. Kvamme

Tema: kjærlighet, sorg

Alder: Voksne

Om boka

Axel blei borte for seks år sia.
Han berre forsvann.
Då var han fjorten år gamal.
Mor og far er att i eit stort hus.
Dei heiter Ellie og Lars.
Ellie lengtar framleis etter Axel,
og ringer til telefonen hans kvar dag.
Ei forandring tving seg fram.
Boka har korte men intense kapittel.
Språket får fram kor hardt Ellie held på håpet.
Forfattaren Siri M. Kvamme kom i 2008 med romanen
Vinterhjerte. Den handlar om å miste et barn.

Utdrag fra boka

Så stilt det er. Som å vere åleine i verda. Eg skyv opp verandadøra, sjølv om sola skin frå blå himmel, er det friskt. Huda nuppar seg under den tynne kjolen. Eg lener meg inntil dørkarmen, ser på telefonen. Ikkje noko svar. Eg ringer. Let det ringe. Høyrer det tomme signalet. Så slår svararen seg på. Stemma til Aksel som seier dei same orda, som eg har høyrt så mange gongar.

Antall sider: 173

Utgivelsesår: 2012

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Cappelen Damm

ISBN: 9788202346737

Lån boka på ditt bibliotek: