Misty åleine
Forfatter: Trude Tjensvold
Illustratør: Trude Tjensvold
Tema: dyr, familie, flukt, hunder, krig, reiser, spenning, vennskap
Alder: Mellomtrinnet
Krigen sett med hunden sine øyne
Hunden Misty har det godt med familien sin. Ho bur i ein trygg bygard, omgitt av gode menneske og nok mat.
Men då krigen ein dag råkar byen deira, og familien ser seg nøyd til å rømma i all hast, har Misty akkurat forvilla seg ned i kjellaren på jakt etter ein godbit. Då ho kjem opp at, liknar ikkje byen seg sjølv lenger og familien er vekk. Jakta må begynne …
«Misty åleine» er ein handlingsmetta og sterk forteljing om flukt, tap og det å klare seg på eiga hand.
Boka har godt driv og korte, konkrete setningar. Boksidene har mykje luft, skrifta er stor og god å lesa, og illustrasjonane er klare og tydelege.
«Misty åleine» egnar seg godt for lesarar på mellomtrinnet, men kan og lesast litt opp i alder.
Røyken ligg tjukk over asfalten. Mørk, grå, buktande veltar han seg fram rundt gatehjørna og kliv opp etter husveggane. Åleine, klemd tett inntil husveggen, står Misty.
Øydeleggingane er katastrofale. Hus og blokker er knuste til støv, og det brenn fleire stader. Folk spring mellom ruinane medan dei held seg for munnen. Det er mest uråd å puste, no som lufta er fylt av røyk og støv. Mange leitar etter familien sin, venene, naboane. Dei rotar i steinrøyser med berre nevane. Dei grev i steinane til fingrane blir raude av blod.
Soldatar med hjelm på hovudet og gevær over aksla kjem berande på sandsekkar. Dei stablar sekkane oppå kvarandre og bygger lange murar av dei. Murar dei kan gøyme seg bak når fienden snart strøymer inn i byen. Det hastar å få sperringane ferdige.
Midt i kaoset sit ei gammal dame på ein stor stein, i ei røys som ein gong har vore eit hus.
– Dei kjem no, seier ho og skjuler andletet i hendene.
Hovedkategori: Litt å lese
Egenskap: Få karakterer, Korte kapitler, Korte setninger, Luftig layout, Stor font
Sjanger: romaner, skjønnlitteratur