Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det?

Om boka

Ingrid er heilt skalla og så vakker at Markus ikkje veit kva han skal seie.

Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? handlar om korleis kjærleik brått kan snu frå noko som berre er vakkert, til å bli noko som berre gjer ondt. Ingrid er alvorleg sjuk, og Markus lar vere å spørje kor alvorleg. Som dei har ein slags avtale om at dei ikkje skal mase på kvarandre.

Kva skjer når ein blir så hardt råka av kjærleik?

Boka er delt inn i fire delar. Kvar del har korte kapitler, av og til berre eit avsnitt. Skrifta er til gjengjeld ikkje så stor. Det er nokre framanord og nokre samansette ord.

Utdrag fra boka

Det er ingen andre enn dei i parken.
Det er få andre stader ein bypark ligg
så nær sjøen, tenkjer han, og at denne
byen er for vakker til å bli lenge i. Det
er mørkt no, skuggen av den
surrealistiske totempålen i parken får
også hjernen hans til å gå med på at
dei nett no berre lever i si eiga verd,
at det heile er som på fransk film. Ho
tar han i handa, det gjer ho aldri elles.
Å bli tatt i handa kjennest nett no sterkare
enn å elska.