Knoterud FK: Venskapskampen

Om boka

Det luktar siger lang veg.

Knoterud FK skal til Sverige for å spele
venskapskamp mot eit jentelag.

Far til midtstopparen Ulla-Carin er dommar.
Han har mista brillene sine og ser ingenting.

Han ser ikkje dei skitne triksa som jentene har på lur.

Knoterud FK: Venskapskampen
har rask og effektiv handling,
den er morosam og tøff i tona.

Boka har stor skrift og lite tekst på kvar side.

Det er ein del fotballuttrykk, slanguttrykk og samansette ord.

Utdrag fra boka

Ballen vinglar like fullt inn i feltet.
Han har fin retning mot Jan Tore,
som berre har å stonge lêrkula i nettet.

Men Ulla-Carin går i kroppen på han.
Jan Tore mistar balansen og trynar ned
i sandgropa rundt straffemerket.

Ballen trillar ut til innkast.

«Hei, dommar! Straffe!» ropar Jan Tore
mens han spyttar småstein ut av munnen.

«Eg såg ingenting!» ropar Robert Olsson
frå den andre sida av banen.