Hopp til innhold

Kino

Kino

Forfatter: Marit Kaldhol

Tema: hverdag, kjærlighet, oppvekst

Alder: Ungdom, Voksne

Om boka

Stundom er livet fanga i dei store kjenslene.
Sjølv om det ikkje skjer stort.
Sjølv om det ser ut for å vere ein vanleg dag.
Då kan det vere at dei små tinga blir via
mykje merksemd.
Som på kino.
Slik er det for desse ungdomane.
Denne boka har 8 noveller,
som alle byrjer med same setning:
Handa held den store saksa.
Samstundes får vi høyre fleire ulike soger,
om det å vere ung, om livet,
og om seksuell vakning.
Innhaldet i desse novellene er ikkje enkelt,
men det er heller ikkje livet som tenåring.
Vi glir mellom draum og verkelegheit,
og veit ikkje alltid kva som er kva.
Språket er poetisk, sjølv om orda i det meste
er mykje brukt.
Vi tek med boka fordi oppsettet er godt,
novellene korte, og ordvalet kvardagsleg.
Boka passar for eldre ungdom og vaksne.

Marit Kaldhol debuterte i 1983
og har sidan gitt ut ei rekkje bøker
for barn, unge og vaksne.
For denne boka fekk ho KKDs Litteraturpris i 2006.

Utdrag fra boka

Dei har gjømt seg bak eit tre, no spring dei
frå det treet og til eit anna.
Gøymer seg igjen.
Sally ser dei kvite leggane straks. Høyrer
svak svusjing i kvitveisteppet.
Fort slepper Sally frå seg sekken, no
spring ho òg. Sally vil finne
dei kvite leggane, dei som spring, som ertar.
Vil nå dei att, fange dei.

Antall sider: 122

Utgivelsesår: 2006

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252168662

Lån boka på ditt bibliotek: