Jon Hjørnevik samlar seg. Ti tunge år med dikt for nasjonen

Om boka

Som eit forsøk ved å gjere alle til lags,
har Hjørnevik testa ut alle slags tema i lyrikken sin.
Målet er at alle skal finne eit einaste dikt dei likar.
Her er mykje å velje mellom: «NM i blomsterdekor»,
boksing i «Mitt møte med Tyson»,
kunst i «Maling og søling gjennom hundrevis av år»,
fotball i » Eg tar på ein kompis».
kjærleik i «Min brasilianske flamme»,
og sjølvsagt dikt om slekt og familie, by- og bygdeliv,
oppvekst og samfunnskritikk.
Hjørnevik konkluderar med at dikt splittar nasjonen,
og at det er vanskeleg å finne dikt som både talar byen og avkrokane si stemme.
Alle fire diktsamlingar i ei større bok.

 

Utdrag fra boka

Leveregel
Det var mor sitt prinsipp,
ho hevdar det no,
at slett ingen mann
kom i buksa på ho.
Men far smiler lurt,
i sanningas spegel,
eit unnatak stadfestar
alltid ein regel.