Om boka
Som eit forsøk ved å gjere alle til lags,
har Hjørnevik testa ut alle slags tema i lyrikken sin.
Målet er at alle skal finne eit einaste dikt dei likar.
Her er mykje å velje mellom: "NM i blomsterdekor",
boksing i "Mitt møte med Tyson",
kunst i "Maling og søling gjennom hundrevis av år",
fotball i " Eg tar på ein kompis".
kjærleik i "Min brasilianske flamme",
og sjølvsagt dikt om slekt og familie, by- og bygdeliv,
oppvekst og samfunnskritikk.
Hjørnevik konkluderar med at dikt splittar nasjonen,
og at det er vanskeleg å finne dikt som både talar byen og avkrokane si stemme.
Alle fire diktsamlingar i ei større bok.
Utdrag fra boka
Leveregel
Det var mor sitt prinsipp,
ho hevdar det no,
at slett ingen mann
kom i buksa på ho.
Men far smiler lurt,
i sanningas spegel,
eit unnatak stadfestar
alltid ein regel.