Hopp til innhold

Johan

Johan

Om boka

Johan vaknar opp til første dag i sommarferien,
men ingenting er som det skal vere.
Veslesøstera hans er død.
Minnet om då ho drukna heimsøkjer både han og venen Iver.
Den sorgtyngde Johan vil ta eit oppgjer med fortida.
Så hamnar han i ein situasjon der hans eige liv plutseleg står på spel.
Johan er ei forteljing om det å miste og å leve vidare.
Soga er truverdig fortald, i eit lågmælt språk.
Johan vekslar mellom om ulykkesdagen og notida.
Soga om ulykka er skriven i kursiv, og kan difor vere tung å lese.
Språket er enkelt og konkret,
sjølv om somme setningar kan vere lange.
Boka er svært kort, berre 77 sider.

 

Utdrag fra boka

- Kor mykje kostar dei? må Johan til sist spørje.
Monsen lagar berre nokre lydar til svar. Vanligvis
snakkar jo Monsen i eitt køyr, fortel dumme vitsar og dei
same spøkane kvar gong, men nå seier han ikkje eit ord.
Johan ser raskt opp på Monsen, der ein sveittedrope renn
frå det skalla hovudet og over tinningen. Han har kan-
skje klikka, tenker Johan. Det har nok klikka totalt for
han, nett det som Iver meinte kom til å skje ein dag.
- Ja, ja. Det var jammen bra at det ikkje vart noko
av denne flyttinga, du, da Monsen. - Eg trur eg hadde
gått konk, eg, viss de òg hadde flytta. He, he.

Antall sider: 77

Utgivelsesår: 2009

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252176384

Lån boka på ditt bibliotek: