Hopp til innhold

Hjartespreng

Hjartespreng

Om boka

Korleis vere 16 år?

Inga syns ikkje ho er god til å vere 16 år. Ho er ikkje god til å feste, flørte og vere kul. Dei andre jentene i klassa dreg på fest og opplever meir på ei veke enn ho har gjort i eit heilt liv. Heldigvis har ho bestevenninna Jenny. Men så flyttar Jenny ned til byen, nærare skulen, og den kulaste jenta på trinnet, Eva. Brått er Jenny betre til å vere 16 år, ho heng med Eva, dreg på fest og flørtar med gutar. Inga kjenner seg svikta. Ho må øve, ho må på fest. Helga nærmar seg og Nils skal ha fest. Når ho tenker på Nils slår hjartet fortare, kanskje ho kan øve på å vere 16 år med han?

Boka har stort lesedriv, eit lite univers med få karakterar og historia er enkel å følgje. Kapitla er korte og det er mykje dialog.

Utdrag fra boka

«På fredagskvelden låg eg berre heime og spydde.» Ho lagar ein grimase med heile ansiktet. «På laurdag …» Ho stoppar opp og ser på meg, det er noko unnskyldande i blikket hennar. «Eg dro ein liten tur på den festen.»
«Den på hybelhuset?»
Ho nikkar.
Det kjennest som at hjartet mitt dett ned i magen. Det blir liggande og dunke der nede. «Men var du frisk nok til det, da?»
«Det var ikkje planlagt. Men eg møtte Eva på butikken, og så overtalte ho meg», seier ho. Eg håpar ikkje ho ser på meg at namnet til Eva gir meg akutt omgangssjuke. Iallfall når Jenny seier det slik. Så avslappa. Som om dei er vennar no.
«Det var uansett for seint å komme til deg. Det var ingen som kunne kjøre meg.»
«Det går buss heilt fram til halv tolv», seier eg, men setninga er knapt høyrleg.
Pusten min har satt seg fast i halsen. Måndagen har ikkje starta ordentleg, men han er allereie mykje verre enn eg hadde sett for meg. For det er ikkje berre dei andre jentene i klassen som har vore på festen. Jenny var også der. Jenny som var for sjuk til å komme på overnattingsbesøk til meg. Men frisk nok til å bruke kvelden i lag med Eva.

Boka er en del av: 100-lista

Antall sider: 189

Utgivelsesår: 2023

Språk: nynorsk

Forlag: Aschehoug

ISBN: 9788203393495