Mo og Unn og ein merkeleg måke
Venane Mo og Unn ser ein merkeleg måke.
Dei følgjer etter henne.
Ut i trafikken og inn på ein bensinstasjon.
Kor skal måken?
Plutseleg har Mo og Unn gått lengre enn dei har lov til...
Ei fin og ganske spanande forteljing om venskap og kvardagsdrama.
Boka har korte setningar og stor skrift.
Ho er delt inn i fleire små kapittel.
"Kjem du?" ropte Mo.
Unn stod på andre sida av vegen.
"Skal vi heller gå heim?" sa ho.
"Vil du ikkje sjå kva han skal visa oss?" sa Mo.
"Jo, men..." sa Unn.
"Kom!" ropte Mo.
"Tenk om det er eit reir med eit gullegg i!"
Del av serien: Leseløve
Forlag: Cappelen Damm
ISBN: 9788202520397