Hopp til innhold

Fotball eller livet

Fotball eller livet

Om boka

Kva veit me eigentleg om kvarandre

I «Fotball eller livet» følgjer me ein gjeng jenter frå same fotballag. Dei er gode vener, men held samstundes mykje skjult for kvarandre.

Marlene likar jenter, men det har ho ikkje fortalt til nokon. Kaja har ei mor som drikk og må selje saker ho eigentleg treng for å ta vare på seg sjølv og broren Emil. Tvillingane Rose og Jasmin har opplevd eit stort tap og no har dei berre kvarandre. Korleis vert det når trenaren berre kan ta med ei av dei på landslagssamlinga? Kanskje er det berre Emil som til slutt skjønar korleis alt heng saman.

«Fotball eller livet» inneheld åtte noveller. Dei handler om ungdomstid, vennskap, familie og svik. Kvar novelle står støtt på eigne bein, men dei utfyller kvarandre og det finst ein tydeleg rød tråd i samlinga.

Novellene er spennande og har godt lesedriv. Tekstene er korte, har eit oversiktleg persongalleri og ein luftig layout.

Passar for ungdomslesaren.

 

Utdrag fra boka

«Vi fann sykkelen din», seier han og viftar med
Batman-figuren sin.
«Hæ?»
«Eg og Batman fann sykkelen din, men den slemme
dama vil ikkje låse opp låsen.»
«Men Emil, det er ikkje sykkelen min.»
«Jo. Eg kjennar han att. Sjå.» Han peikar på bak-
skjermen der det er eit Batman-klistremerke. «Eg og
Batman klistra det på for lenge sidan.»
Ei dame kjem ut på trappa.
«Er det din bror?»
Kaja nikkar.
«Då må du fjerne han herifrå. Han har sete her i over
ein time, og kvar gong eg seier noko til han, skuldar han
meg for tjuveri.»
«Unnskyld».
«Eg forstår jo at han ikkje er som alle andre, og det
er einaste grunnen til at eg ikkje har kontakta politiet.»
«Takk, eg skal ta han med meg no», seier Kaja og
trekkjer Emil i skuldra.
«Lås opp sykkel-låsen», skrik Emil til dama.
«Slutt, Emil, Vesleskatten. Sykkelen er ikkje min.»
«Jo. Det er Bat-sykkelen din.»
«Den var min. Før.»
«Det er ikke lov å stele», seier Emil, og auga blir
blanke.
«Nei. Det er ikkje lov». Kaja stryk han på kinnet.
«Dama har stole han.»
Kaja ristar nesten umerkeleg på hovudet.
«Eg selde han.»
Emil tørkar nasen på jakkeermet.
«Du sa …»
«Eg veit kva eg sa, men vi trong pengane.»

Antall sider: 84

Utgivelsesår: 2026

Språk: nynorsk

Forlag: Skriveakademiet

ISBN: 9788293636779