Hopp til innhold

Fordi du er

Fordi du er

Forfatter: Odveig Klyve

Tema: familie, hverdag, livet, minner

Alder: Voksne

Om boka

Nære dikt om eit heilt liv
I desse dikta tenkjer ei vaksen kvinne på
livet sitt. Ho minnest foreldra, heimen,
lauvsongaren.  Men det er ikkje berre fortida
som opptek ho. Ho er også sterkt til stades
i den vanskelege notida.
Her er dikt til Vladimir Putin, dikt om
flyktningkrisa og om flyturar over
Atlanterhavet.

I bokas siste del kjem det inn ord og
frasar på latin og tysk, noko som gjer
dikta vanskelegare å forstå.

Dikta har korte setningar og er satt opp i
ei smal kolonne. Sjølv om dei varierer i
lengde er dei aldri meir enn ei side lange.

Tydeleg font og god kontrast.
Egnar seg best for vaksne og eldre lesarar.

Utdrag fra boka

SYNLEG USYNLEG

Kva er det å ha ei sjel?

Eg held mor mi i handa
og me går utanom sølepyttane
eg har lyst til å hoppa i.
Ein annan gong
seier ho
No skal vi dra til det store huset
det med tårn og klokker.

Eg sit på den harde trebenken
med kriblande føter
som ikkje når ned
og høyrer på han som
fortel om
ein far i himmelen.
Så langt borte,
tenkjer eg.
Heilt der oppe.
Kjem han ikkje snart ned?
Eg vil heller ha ein far på jorda.

Antall sider: 95

Utgivelsesår: 2023

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: Korte setninger, Lite tekst, luftig layout

Sjanger: dikt

Forlag: Cappelen Damm

ISBN: 9788202789602