Forfatter: Moni Nilsson
Illustratør: Elin Lindell
Tema: bestevenner, tenner, vennskap
Alder: Barn, Småtrinnet
Kaka elskar kake.
Det er derfor ho blir kalla Kaka.
Ho og bestevenen Slatten dreg til kiosken til Ali for å kjøpe kake.
På vegen møter dei Ronny og gjengen hans; Paradis-englane.
Alle er redde for Paradisenglane, bortsett frå Kaka.
Dette er bok nummer to i serien om Slatten og Kaka. To bestevener som liker å finne på ting.
"Kva er det?" spør ho da Slatten stoppar og lyttar.
Dei høyrer knatring eit stykke borte.
"Englane", kviskrar Slatten.
Han grip tak i armen til Kaka.
"Endeleg", seier Kaka.
"Endeleg får eg treffe dei."
Englane har stukke noko i hjula
så syklane høyrest ut som motorsyklar.
Del av serien: Leseland
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: skjønnlitteratur