Ei trist og fin bok om nye og gamle venner.
Nokon er på sjukehus.
Me veit ikkje om det er gut eller jente.
Og me får aldri vite kva for sjukdom personen har.
Men personen orkar ikke gå ut.
Inne på sjukehuset kjem det nye venner, og gamle forsvinn.
Ei bok om kor sakte tida går når ein er inne og ser
på snøkrystallane utanfor.
Om sjukdom, død og om å lære seg å spele piano.
Boka har korte kapittel og setningar.
Språket er enkelt.
Silje flytta seg heilt inntil meg på
krakken, så ho skulle nå både dei mørke og
dei lyse tangentane åleine. Så spelte ho og
song:
"Here comes the sun. Here comes the sun.
And I say it's all right..."
Det var den finaste songen eg nokon gong
hadde høyrt. Eg sette meg endå nærmare
Silje på krakken, og let kvart einaste ord
trengja inn.
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: skjønnlitteratur
Forlag: Gyldendal
ISBN: 9788205490314