Elefantmusikken

Om boka

Ei herleg diktbok for alle!

Språket i denne boka er enkelt.
Bokstavane er litt små,
men det er mykje luft på sidene
og fine teikningar.

Ei samling dikt for barn i nær sagt alle aldrar,
også den vaksne sorten!
Her er underfundige dikt, humoristiske, vemodige,
tøysete, alvorlege dikt – inspirerande og smittande.

Utdrag fra boka

Havet

Du veit nok at det er
altfor mykje hav
mellom oss,
og fiskane i havet
hatar meg og har
så kvasse tenner
så du skjønar nok
at eg ikkje kan
kome til deg med det første.