Hopp til innhold

Eg snakkar om det heile tida

Eg snakkar om det heile tida

Om boka

Ei personleg bok om Camara Lundestad Joof sine
eigne opplevingar. Ho fortel om rasismen ho møter
om og om igjen frå folk ho treff tilfeldig,
jobber i lag med eller er i familie med.

Ho fortel på ein personleg måte, men med eit nyansert blikk,
både på seg sjølv og på dei ho møter.
Dette er ei svært god forteljing og ei fin debattbok.

Boka har korte kapitlar og korte setningar, med mykje luft på sidene.
Nokre ord kan vere vanskelege.

Utdrag fra boka

Eg står på Kvaltorget i Sandefjord og skin.
Eg svingar med skjørtet. Eg har ikkje på meg kysa.
Det er 17. mai. Og to kvinner – dei er eldgamle,
i minnet mitt er dei minst hundre år – kjem bort til meg
og kommenterer bunaden min.
Så du har på deg nordlandsbunad, du?
Ja, svarar eg, og legg ut om at den har vore i slekta alltid,
og at når nokon er gamle nok, så får dei bruke den,
og eg er gammal nok, for eg blir sju år om to veker,
og eg spinn rundt i den og viser meg fram.
Den eine kvinna gir meg eit rapp på armen
med paraplyen sin. Og ho fortel at eg har
ingenting i den bunaden å gjere.

Boka er en del av: BokBlink

Del av serien: Norsk røyndom

Antall sider: 94

Utgivelsesår: 2018

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese, Norsk som andrespråk

Sjanger: fakta

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252195866

Lån boka på ditt bibliotek: