Hopp til innhold

Eg rissa desse runene

Eg rissa desse runene

Forfatter: Aina Basso

Tema: Dagligliv, Mellomalder, Runer, Vikingtid

Alder: Voksne

Om boka

Verkelege runeinnskrifter dannar bakgrunnen for desse korte novellene
som tek oss tilbake til sein vikingtid eller tidleg mellomalder i og omkring
det som i dag er Bergen.

Vi blir kjende med vanlege folks liv slik dei var den gongen. Om
omstenda var svært ulike dei me har i dag så er de menneskelege
kjenslene dei same.

Dette er fortetta fortellinger fortalde med mykje realisme og beisk humor,
ein fortellarstil med ofte knyter saman med vikingtida.

Språket er muntleg og teksten har lesedriv. Nokre vanskelege ord og
nokre lange setningar.

 

Utdrag fra boka

Då høyrde eg ein hest vrinske og trampe med
hovane. Eg stakk hovudet ut døra, og der sat Kjellaug
over skrevs på hesteryggen, blåkledd og bratt i
nakken, med morgongryet flammande bak seg.

Då er det oppgjort, ropte ho, før ho sette hælane i
hestesida og hyppa.

Eg blei ståande lamslegen og sjå etter henne. Så
summa eg meg, gjekk inn og tok ølbollen frå bordet,
slo ølet vekk bak nova, drog liket ut gjennom døra og
la det på bakken bak huset.

Ver du vel faren og venleg til sinns, mumla eg.
Måtte Tor ta imot deg, måtte Odin eige deg.
Eg krossa meg fort.
Og Gud vår far, amen, la eg til.
Eg henta eit klede og dekte han med, og ei bøtte vatn
frå bekken så eg fekk vaska av meg blodet, før ein etter
ein av ungane vakna til ein ny dag.

Boka er en del av: 100-lista

Antall sider: 156

Utgivelsesår: 2023

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: noveller

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234007521