Hopp til innhold

Eg har venta på deg

Eg har venta på deg

Om boka

Saman med mora og systera flyttar Simon til eit hus ved havet.
Folk kallar den staselege heimen Slottet,
og Simon er nøgd – han får bu i eit tårn heilt for seg sjølv.
Dei har endå til sjøhus med robåt og fiskeutstyr.

Men snart byrjer merkelege ting å skje.
Først ror han forbi ei mørkkledd kvinne på stranda.
Så kviskrar ei stemme til han i sjøhuset,
stemma freister å lokke han til seg.
Og snart dukkar ei jente opp – ho har litt av kvart å fortelje,
blant anna om Den svarte enka. Men kan han stole på jenta?
Kva slags krefter er det som freister å lokke Simon til seg?
Og kva er histria bak alle dei mystiske hendingane
i den vesle bygda ved havet?

Forfattar Atle Hansen har lang erfaring frå å skrive for unge lesarar,
og det merkar ein fort i denne romanen:
Her er eksistensiell tematikk om ung lengt og vennskap,
skumle parti og vare naturskildringar,
kjappe dialogar og ettertenksam fundering.
Språket er særs godt, enkelt og effektivt og dei gode grepa
tek lesaren på ei herleg grøss- og gru-reise.

Utdrag fra boka

Eg er på veg ut av sjøhuset.
Idet eg legg handa på dørklinka, høyrer eg:
– Simon, er det deg?

Eg stoppar opp.

Eg snur meg og ser inn i det halvmørke rommet.
Det er ingen der.
– Simon, er det deg? høyrer eg på ny.
Stemma kjem frå loftet. Det høyrest ut som ei jente.
Eg kjenner ikkje att stemma.
– Kom til meg, Simon, seier ho.
– Eg har venta på deg.

Ingen ventar på meg, tenkjer eg.
Eg kjenner ikkje nokon her i bygda.
Kva er det ho vil meg?
– Kom, Simon, seier ho.
Det er som om ei kraft tek tak i meg
og fører meg mot stigen opp til loftet.
Tankane mine strittar imot.
– Kom då! lokkar ho endå ein gong.
Tonen er smiskande og flørtande.

Eg går eit par steg mot trappa, så stoppar eg.
Ikkje gå opp, seier ei stemme i meg.
Hald deg vekke frå henne.
Men jenta på loftet gir seg ikkje.
– Ikkje gå frå meg, Simon! seier ho bedande.
Men eg må gå. Eg må vekk herifrå.

Eg ryggar sakte mot utgangsdøra.
Rommet ligg i halvmørke.
Eg ser berre konturar og skuggar av teiner,
garn og gamle fiskereiskap.
Ikkje folk. Ikkje noko levande.
Vinden har laga bølgjer i sjøen.
Eg høyrer dei slår mot steinbryggja.
Båten slit i fortøyingane.
Ein måse ropar ute på sjøen ein stad.
Jenta på loftet snakkar ikkje lenger,
men stemma inni meg seier at eg må komma meg heim.

Støttet av: Leser søker bok

Boka er en del av: 100-lista, Bokpakke vår 2021

Del av serien: Grøss og gru

Antall sider: 82

Utgivelsesår: 2020

Språk: nynorsk

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234002663

Lån boka på ditt bibliotek: