Dyret

Om boka

Ei ung kvinne blir gravid med den nye kjæreasten sin
Livet endrar seg fort.
Dei må finne seg ein stad å bu.
Ho må få seg ein fast jobb.
Vennskapet til bestevenninna endrar seg.
Alt endrar seg.
Kroppen hennar. Tankane hennar.
Korleis andre ser på ho. Korleis ho ser seg sjølv.

Storleiken på bokstavane i boka er litt små.
Lineavstanden er litt tett.
Det er ei enkel historie å følgje.
Setningane er korte og presise.

Utdrag fra boka

Om barnet blir født no, kan det leve. Først ved hjelp av maskinar,
sondar og oksygentilførsel. Men det vil leve, bli eit menneske. Eg
kan nesten puste letta ut, tenke at eg har klart det. Ser bilete av barn
fødde i veke 24, dei har gjennomsiktig hud. Ansikta er dekt til av
masker, dei er det aller skjøraste og det aller sterkaste.