Hopp til innhold

Du er vel vakker

Du er vel vakker

Om boka

Kjærleiken dei imellom
blir sterk og inderleg,
men snart blir det vanskeleg:
Hermann vil gjerne bli far,
medan Hanna blir passa på
slik at ho tek prevensjon.
Kven skal bestemme over Hanna?
Kva kan Hanna gjere?
Du er vel vakker er ei nydeleg
forteljing om kjærleik,
både poetisk og spennande for alle vaksne.
Boka har eit innhald som er enkelt å få med seg,
men gir ingen enkle svar
på vanskelege spørsmål.
Ho egnar seg godt til høgtlesing.
Det er mykje tekst og kan difor vere vanskeleg å lese sjølv.

Utdrag fra boka

Kvar dag kjem Herman til Hanna og
huset hennar.
Mopeden set han ved trappa. Hjelmen
tar han med inn. Han legg den i gangen
og tar Hanna inntil seg. Inn mot den
runde, fine magen. Inn mot den sterke
halsen. Inn mot hovudet som er rundare
og vakrare enn noko ho veit om.
- Få sjå deg, seier ho.

Støttet av: Leser søker bok

Antall sider: 135

Utgivelsesår: 2006

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Enkelt innhold

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252168792

Lån boka på ditt bibliotek: