Det som eingong var

Om boka

Boka skildrar ein oppvekst med ein psykisk sjuk forelder,
og korleis dette pregar resten av familien.
Vi får óg innsyn i eit bygdesamfunn på 60-talet, fortalt på ein lett og humoristisk måte.
Språket i boka er enkelt,
men nokre av setningene er lange.
Kapitla er korte,
og hoppa i tid er fint markert med ulike fontar.

Utdrag fra boka

Det viktigaste far har lært på kurset, er at han kvar morgon og kveld skal sitja åleine i eit mørkt rom ein halv time. Han har fått eit hemmeleg ord som han skal tenkje på. Det er det som heiter å meditere. Kjøkkenet er det einaste oppvarma rommet som er ledig til slikt. Men dersom han blir forstyrra, må han begynne på nytt. Kanskje fører det til at heile kurset blir bortkasta og han ikkje blir friskare. Det er problematisk for den som ofte har ærend ned om kveldane.