Kor mykje kan vi gøyme før det synast?
Charlotte Riise skriv dikt om tap, om sorg, om å leve, om ikkje å ete,
om å spy opp det man har ete, om kjærleik så sterk at den må gjere ondt,
om livet som gjer ondt.
Sjølv om dikta er sterke og såre, er dei jamvel stille og forsiktige.
Boka er enkelt skriven. Få vanskelege bilete og få vanskelege ord.
Planlegg, tenkjer ustanseleg på
reisene eg skal ta, landa eg skal bu i:
Språka eg skal snakke, personane
eg skal bli, liva
eg skal leve.
Stoppar opp ved alle speglar og flater,
eg må vite om
eg framleis eksisterer.
Er eg ein person, eit menneske.
Eg sjekkar om igjen og om igjen.
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: dikt
Forlag: Gyldendal
ISBN: 9788205462991