Hopp til innhold

Den tolvte spelaren

Den tolvte spelaren

Om boka

Fotballtalentet Kevin flyttar til tåkete bygda Våg.
Der blir han kjend med Kåre som og spelar fotball.
På den første treninga treff Kevin ein merkeleg gut i i garderoben.
Guten stirrar på han med eit mørk blikk.
Kevin kjenner kulde og mørke frå han.
Kven er han? Kvifor følger han etter Kevin?

Boka har korte kapittel, korte setningar og mykje luft.
Karakterane er få og tydelege.

Utdrag fra boka

Eg tok handkledet rundt livet
og gjekk fort inn i fellesdusjen.
Der hengde eg handkledet på ein knagg.
Eit av lysrøyra i taket blenkte og spraka.
Vatnet var iskaldt, eg justerte på krana.

Brått hoppa eg til.
I kroken sto ein gut eg ikkje hadde sett før.
Ansiktet hans var skjult av skuggar.
Lysrøyret blenkte raskare.
I rein refleks dekte eg meg til med hendene.

 

Støttet av: Leser søker bok

Boka er en del av: 100-lista

Del av serien: Grøss og gru

Antall sider: 100

Utgivelsesår: 2018

Språk: Nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: Grøsser, skjønnlitteratur, spenning

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252192445

Lån boka på ditt bibliotek: