Forfatter: Erna Osland
Illustratør: Sigbjørn Lilleeng
Tema: besteforeldre, familie, ferie, samfunn, spenning, vennskap
Alder: Barn, Mellomtrinnet, Ungdom
Tony T. er på besøk hos farfaren.
Kusina Silja er også der.
Ho er ganske vill og gjer mange sprø ting.
Men denne gongen oppfører ho seg spesielt rart.
Farfar er heller ikkje som vanleg.
Kvifor går dei bak ryggen på Tony?
Tony T må ta eit vanskeleg val.
Boka er rikt og forteljande illustrert.
Delar av teksten er i teikneserieformat.
Oppsettet er reint og luftig.
Forteljinga er spennande, med godt lesedriv.
Eg løftar av røyret.
Eg slår nummeret heim.
Det klikkar og knasar.
Og så står farfar der igjen!
Han rettar fram ei hand.
Eg gir han røyret.
– Det er ikkje lurt å ringe om natta, seier han
og legg det tunge, svarte røyret på.
Støttet av: Leser søker bok
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788252192629