Hopp til innhold

Anna og Solmann

Anna og Solmann

Forfatter: Erna Osland

Illustratør: Oddleiv Apneseth (foto)

Tema: alderdom, kjærlighet

Tilpasset: Mennesker med demens

Alder: Voksne

Om boka

Ei bok om livslang forelsking
Solmann og Anna bur i Gulen
i Sogn og Fjordane.
Dei har kjent kvarandre sidan dei var skolebarn.
No er begge 81 år.
For seks år sidan fekk Anna eit slag.
Ho mista mykje av språket og måtte flytte
frå huset dei har budd i sia 1962.
Då Anna kom tilbake til heimbygda måtte ho bu på institusjon.
I ord og bilde har Osland og Apneseth dokumentert
Anna og Solmanns strev for å få vere saman.
Boka fortel om det vidunderlege dei får til i lag
og kva som er viktig for dei og oss alle.
Språket i boka er tilrettelagt for personar med lesevansker.
Boka er spesielt tiltenkt dei som har hatt slag
og har nedsett lese- og talefunksjon.

Utdrag fra boka

Det er berre ein Solmann.
Det er berre ein Solmann i heile landet.
Berre ein i heile verda.
Ein einaste ein som nokon gong har fått namnet Solmann.

Og han er Anna sin.

Mannen til Anna.
Sola til Anna.
Solmann.

Støttet av: Leser søker bok

Antall sider: 88

Utgivelsesår: 2013

Språk: Nynorsk

Hovedkategori: Enkelt innhold, Litt å lese

Egenskap: mange bilder

Sjanger: faglitteratur, Foto

Forlag: Skald

ISBN: 9788279591825

Lån boka på ditt bibliotek: