Hopp til innhold

1964

1964

Forfatter: Ragnar Hovland

Alder: Voksne

Om boka

1964 handlar om året 1964,
det året hovudpersonen er 12 år.
Rundt han og i familien skjer det ting
som ikkje er lett å forstå.
Samstundes flyttar ei ny jente til bygda.
Året 1964 blir det lengste i manns minne,
men vil hovudpersonen eigentlig at
det skal ta slutt?
 
Boka har eit ganske lett språk
og korte kapitlar.
Handlinga er lett å følgje med på.  
 
Ragnar Hovland har gitt ut
meir enn 30 bøker. Mange av bøkene hans
er omsette til andre språk.
Han har fått fleire litterære prisar,
med anna Brageprisen og Kritikarprisen.

Utdrag fra boka

- Drit i det, sa søster mi og bles røyk i ansiktet mitt.
- No har eg altså ein plan her.
- Vi diskuterte den litt att og fram mens du var ute og
posta kortet til ho Judith, sa bror min.
- Det er nemleg ein liten risiko, sa søster mi.
- Det er vel alltid ein liten risiko, sa eg.
- Jo, men denne risikoen er litt større enn mange
andre, sa søster mi.

Antall sider: 220

Utgivelsesår: 2006

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252169195

Lån boka på ditt bibliotek: