Det er oppgjer mellom Knoterud FK og Kopegrenda.
Begge laga har tapt alle kampane denne sesongen.
Knoterud FK har trua på siger.
Men mistar trua då dei skjønar
at keeperen Zahir ikkje kjem til å dukke opp.
Kor har han blitt av? Og kvifor har han ikkje gitt beskjed?
Zahir er eit uslåeleg mattegeni.
Han har utsett valet altfor lenge:
Finale i matte-NM eller den viktige kampen mot Kopegrenda?
Knoterud FK: Ball med tall
er morosam og spennande å lese.
Boka har stor skrift,
mange avsnitt og lite tekst på kvar side.
Det er nokre hopp i tid, og nokre slanguttrykk,
fotballuttrykk og samansette ord.
Han kler raskt på seg. Deretter legg han
utstyret ned i sekken. Pennalet. Kalkulatoren.
Passaren. Alt han treng til KappAbel.
Sahir søkk ned på senga igjen. Han
stirar tomt framfor seg. Plutselig får han
auge på noko oppå kommoden, ved sida
av alle reknebøkene. Lykkehanskane.
Han nøler eit augeblikk. Deretter puttar
han også hanskane og keeperdrakta
ned i sekken.
Del av serien: Leseløve
Forlag: Cappelen Damm
ISBN: 9788202307592