Om boka
Odd Friedland er litt som Snåsamannen,
berre utan dei gode intensjonane.
Han driv med fjernhealing, energibalansering,
jordstråling og alt mogleg anna som kan kasta av seg.
Sonen Kristoffer tener nesten ingenting,
og gjer endå mindre.
I den vesle bygda nordpå
er etterspurnaden etter heimebrent,
narkotika og krekebærsaft stor nok
til å halde liv i fleire generasjonar Friedland.
Men for å lykkast, må dei klare
å halde seg inne med naboar,
lokale politifolk og andre småskurkar.
Spørsmålet er om far og son Friedland
har det som skal til.
Kan dei få drahjelp utanfrå,
eller er hunden Laika den einaste dei kan stola på?
Denne forteljinga har humor og vald og varme hender,
sett i eit stykke bygde-Norge ein kan kjenne seg att i.
Språket er enkelt og historia er lett å leve seg inn i,
men av og til er det det litt tett oppsett
og lengre setningar.
Jens K. Styve (født 1972) gav ut den første boka si i 2007,
Eg, Ove Kvamme. Friedland er den andre boka hans.
Utdrag fra boka
Odd rekte fram ispakka, og gamlingen tok imot. Han sette den ved sida av seg i senga, inn mot veggen.
- Du kan opna den, sa guten. - Eg veit kva som er oppi.
Bestefaren såg på Odd. - Kor gamal er han no?
-Snart atten.
Bestefaren opna pakka og tok ut ei blank flaske:
- Snart atten, mumla han. Han skrudde av korken og tynna ut juicen,
fylte glaset heilt til kanten med sprit. Han tømde i seg halve glaset og stønna, heiv litt etter pusten og tok til å hosta.
Odd lo, klappa faren på ryggen.
- Tykje, sa Olav lågt.
- Var det for sterkt?
- Det var sterkt, sa gamlingen. - Ikkje for sterkt.