Førstetouch
Forfatter: Monica Laupsa
Tema: familie, forelskelse, fotball, kjærlighet, LHBT, vennskap
Alder: Ungdom
Kva står i vegen for draumane dine?
Tuva er keepar på Skogbakken-fotballag, og ho slepper aldri nokon ballar inn i mål. Ho vil inn på toppidrettsgymnaset og bli fotballproff, og ingenting har nokon sinne stått i vegen for draumane hennar. Heilt til Sara byrjar på Skogbakken og i klassen til Tuva. Sara som alltid klarar å score på Tuva fordi ho held augekontakt med Tuva i det ho sparkar til ballen. Møtet med Sara snur verda til Tuva på hovudet – kan livet hennar bli som før?
«Førstetouch» er ei kort og spennande bok med korte kapitlar og mykje dialog som gir godt lesedriv. Ho handlar om fotball, identitet, dei store valga ein står ovarfor som ungdom og den første forelskinga.
Passar for ungdom.
«Eg slit skikkeleg med å lesa deg», seier eg og kastar ballen til ho.
«Vil du høyre hemmelegheita mi?» spør Sara og tek eit skritt nærmare. «Eg bestemmer meg for kor eg skal skyta, og så held eg augekontakt med deg fram til eg treffer ballen.»
Eg blir varm i kinna. Har lagt merke til blikket hennar, korleis det låser seg med mitt før ho skyt.
«Gjer du det med alle keeperar?» spør eg
Ho ler og ristar på hovudet. «Eg trur berre det funkar på deg.»
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234014291