Hopp til innhold

Hopp i havet! Om livet under overflata

Hopp i havet! Om livet under overflata

Om boka

Kva finst under havflata?

Bli med ned under havflata! Her vert du kjend med store og små fisk, vanlege og meir ukjende fisk, kval, blekksprut, små plankton, krill og korallar. Les om vulkanutbrot under vatn og kva som lever på skipsvrak langt der nede på havsens botn.

Visste du at det finst ein spøkelsesfisk som lev 8000 meter ned i havet? Eller at øyane me ser frå land eigentleg er fjelltoppar?

Boka startar i havoverflata med ei jente som badar og syner livet i havet som er nært på oss menneske. Så bevegar me oss nedover, djupare og djupare ned i havet, heilt til botn. Frå botn bevegar me oss opp igjen og da må boka snuast og lesast motsett veg.

Heile vegen kan du følgja med på kor langt ned i havet dyra lever og læra litt om alle skapningane me møter.

«Hopp i havet! Om livet under overflata» er ei leiken, spennande og lærerik bok med godt driv.

Det er lite tekst på kvar side og boka har tydelege og flotte illustrasjonar.

Nokre vanskelege ord.

Passar for lesarar på mellomtrinnet.

 

 

Utdrag fra boka

Nei, vent!

Elegant, stille smyg han seg gjennom vatnet.
Eit rumpetroll-aktig vesen.

Spøkelsesfisken er verdas beste dykkar!
Heilt nede på 8000 meter finn du han.

Han er nesten heilt gjennomsiktig,
og finnane liknar meir på venger.

Som om han kunne flyge,
høgt på himmelen.

Vi nærmar oss noko hardt.
Kan det vere havbotnen?

Det er bankt.
Det er kaldt.
Det skin.
Som metall.

Det er jo ein ubåt!

Antall sider: 53

Utgivelsesår: 2026

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: Bilder, Korte setninger, Lite tekst, Luftig layout

Sjanger: bildebok, fakta

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234017032