Hopp til innhold

Før det blir morgon

Før det blir morgon

Om boka

Bevegande historisk forteljing om ei 15 år gamal jente

Josefa veks opp på ein liten gard med mor, far og søsken.
Eit nytt søsken er på veg. Familien kan ikkje fø alle.
Josefa må ut i teneste på ein storgard på andre sida av fjorden.
Der møter hos dei andre tenestefolka; Sara gamle Olna, Karl og Ole.
Men der må ho og verje seg mot storbonden som føljer etter henne
når ho går åleine i det mørke fjøset.

Forfattaren tek oss med inn i 1700-talets kvardagar, dyra på garden,
den vakre dalen og det tunge og hjartelause livet fattigfolk, og
særleg kvinner, levde på den tida.

Boka har korte kapitlar, få og svært tydelege karakterar,
mykje dialog og stort lesedriv.

 

Utdrag fra boka

Fuglane varslar morgon.
Eg opnar kisteloket, finn vottane. Mor har lagt dei
øvst samman med maten. Ho har lagt det fine sjalet sitt der
òg. Eg legg det om skuldrene. Kjenner varmen. Mor sin
varme. Mor si lukt.
Hadde eg ikkje måtta, ville eg aldri ha reist. Men mor
er med barn igjen, og eg er femten no. Gamal nok til
å gå i teneste og arbeide for føda.

Sola gløttar bleikt over fjellet, og ei kjerre kjem til syne
rundt svingen.
Eg reiser meg og går opp til vegen. Snøen knirkar
under fotsolane. Eit tynt dryss, fint som mjøl.
Gampen prustar. Dampen står frå nasebora.
Hjartet mitt dunkar, hardare jo nærare kjerra kjem. Så
dreg køyrekaren i taumane og stoppar.
Det er ein ung gut, litt eldre enn meg.
Eg trur eg skal hente deg, seier han utan å møte
blikket mitt.
Eg skal til Li, seier eg.
Då er det du, seier han og hoppar ned.

Antall sider: 190

Utgivelsesår: 2025

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234013331