Jonas er homo!
Det er Alexander som seier det.
At det er noko alle veit.
Korleis kan alle vite noko han sjølv ikkje veit?
Alexander er han nye, kjekke guten.
Han er forelska i Live, besteveninna til Jonas.
Og Live er forelska i Kevin.
Sjalue og valdelege Kevin.
Jonas, han vil berre vere usynelg, men det er ikkje så lett.
Boka har korte kapitel med mykje luft på sidene.
Setningane er korte, noko som gir lesaren gode pauser.
For pappa er fotball det viktigaste i verda.
Slik var det for meg ein gong óg.
Eg gjekk med han på trening,
eg gjekk i fotballdrakt heile tida,
og sov med ballen i senga.
Eg var den guten pappa ønskte seg.
Men spelegleda mi var borte,
eg treivst ikkje lenger saman med dei andre gutane,
verken på banen eller i garderoben.
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234006661