Hopp til innhold

Vulkanen vaknar

Vulkanen vaknar

Forfatter: Tor Arve Røssland

Illustratør: Nikolai Lockertsen

Tema: fantasy, klima, spenning, vennskap

Alder: Ungdom

Om boka

Spennande tokt mot nord
Jamil drar saman med far sin på reise med forskingsskipet
Bluenose. Ombord er òg Eira. Mor hennar er ei av
forskarane på båten. Jamil elskar Bluenose, den avanserte
teknologien og forskingsprosjektet dei er med på.
Eira vil berre heim.

Dei kjem ikkje akkurat godt overeins, men saman møter dei
det tøffe livet ombord og farane som truar.

Det blir uhyggeleg etter kvart. Og eit vennskap veks
fram mellom dei to når dei møter dei verkeleg store utfordringane.

Dette er bok nummer 1 i serien «Overleve».
Boka har korte kapittel, godt lesedriv, tydelege karakterar og mykje dialog.
Nokre vanskelege ord.

Du finn fleire bøker i denne serien på biblioteket.

Utdrag fra boka

Det er ikkje blitt skikkeleg mørkt, og havet ser rolegare ut
enn det kjennest. Er det noko som duppar opp og ned med
bølgene i månelyset? Langt der borte i horisonten.
Der havet møter himmelen.
Eg listar meg tilbake til rommet og finn ein kikkert og
småspring ut igjen. Det er eit skip der. Langt bak oss.
Det er vel ikkje så uvanleg? Men skip pleier ha lys.
Raudt og grønt på kvar side, og noko i toppen av masta.
Slik at andre skip skal kunne sjå dei.
Eg justerer kikkerten for å sjå skarpare. Det er eit skip.
Eit digert eit. Det kjem rett mot oss. Totalt mørklagt.
Det fossar fram. Skipet har ei rar form. Det ser ut som
skroget er trekanta. Liknar ein flytande lang, svart og spiss
pyramide. Eg kan ikkje for det, men eg føler på meg
at skipet jaktar på oss.

 

 

 

 

Del av serien: Overleve

Antall sider: 200

Utgivelsesår: 2022

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Egenskap: korte kapitler, luftig layout, Mye dialog

Sjanger: romaner, spenning

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234003936