Hopp til innhold

Vulkan

Forfatter: Zakiya Ajmi

Tema: familie, kjærlighet, vennskap, vold

Alder: Ungdom

Om boka

Anna og mor hennar flykta frå far og ektemann til eit krisesenter og er prega av hendingane.

Nå har dei flytta til ein leigd leilegheit i ein ny by og prøver å stable livet på beina igjen.

Far til Anna har eit eksplosivt humør, men har likevel fått samværsrett. Anna må besøkje han annankvar helg.

På skulen har Anna fått ei god venninne, Chili, som er saman med Oscar. Sjølv er ho begeistra for Idris, men blir så vikla inn i kjærleiksforholda til venninna.

Boka har få karakterar og historia er enkel å følgja. Kapitlane er korte og det er mykje dialog.

 

Utdrag fra boka

Det kjennest som om det er gått fleire år. Men det er berre eit par veker sidan mamma og eg vrei om nøkkelen til rom nr. 11. Vi stoppa halvegs nedi bakken for å kaste eit siste blikk på den raude mursteinsbygningen som hadde vore heiem vår den siste tida. Inngjerda og videoovervakt.

Vi eigde nesten ingenting. Vi fekk alt med oss på bussen. Sjåføren hadde på radioen. Vi nikka i takt med musikken. Eg knua ryggseekken min inntil brystet. Mamma let den overfylte IKEA-posen dumpe ned på golvet. Ho bles i handflatene sine, som var blitt gnegne raude av handtaka. Vi smilte til kvarandre. – No begynner kapittel to, sa ho.

Det er vanskelig å starte på kapittel to når kapittel éin på en måte aldri sluttar.

Boka er en del av: 100-lista

Antall sider: 155

Utgivelsesår: 2022

Språk: nynorsk

Oversetter: Runa Kvalsund

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788234007804