Vivaldi

Om boka

Tyra er ei jente som ikkje har det bra på skulen.
Der har ho slutta å snakke,
men dei andre snakkar om henne.
Dei sparkar henne, og dei ser på henne
med Krympeblikket. Då blir Tyra veldig liten.
Heime har Tyra det bra. Ho danser og speler piano.
Ein dag får hun ein kattunge.
Noko endrer seg, ho er ikkje berre Tyra lenger.
Ho er Tyra og katten.
Boka skildrer korleis Tyra opplever ein vond kvardag,
og korleis ho kanskje kan jobbe seg ut av det vonde.
Dette er en bildebok om mobbing
som høver best for ungdom og vaksne.
Teksten er enkel, men djup.
Boka kan også vere fin å lese saman
med større barn.Tekst og bilete står fint til kvarandre,
men av og til er det dårlig kontrast mellom skrift og bakgrunn.
Forfattar Helge Torvund er kjend og kjær,
særleg som poet. Han har også skrive
barneboka Fantasiblikket,
som handlar om bokstaver som krøller seg.

Utdrag fra boka

Når ho skal gå opp og spissa
blyanten, står det ei klynge
jenter og ser på bileta i ei bok.
Då ho nærmar seg, er det som
om ein lydlaus alarm har gått:
Alle trekker seg bort frå henne.
Alle unngår å koma borti henne.
Tyra ser, men skjønar ikkje.
Ser det gong på gong.
Men skjønar aldri.