Vintereple

Om boka

Ein dag finn jenta i forteljinga
ein kasse på loftet etter far sin.
Inne i kassa finn ho ei boge og ein sag.
Korfor gøymde han den på loftet?
Den røde plysjen hadde merke etter alle gongene
nokon hadde gripe etter bogen, etter saga.
Vintereple er ei var og vakker fortjeljing
fortalt gjennom korte tekstar.
Språket er poetisk og samstundes lett.
Det er ei tankevekkande forteljing
med mykje luft.
Odveig Klyve (f.1954) har skrive
ni diktsamlingar, åtte barnebøker,
og har gjendikta fleire utanlandske poetar.
Dikta hennar er omsette til femten språk.
Ho fekk Ordknappen 2007 for boka
Glad i deg.

Utdrag fra boka

Det var da eg opna den støvete kassen eg
skjøna at dette hadde noko med far å gjera.
På den raude plysjen låg ein boge og ein sag,
eit tynt, blankpussa sagblad. Eg tok det opp,
og bladet skalv i hendene mine som om det
skulle vore levande.