Hopp til innhold

Skugge under Grønskarvet

Skugge under Grønskarvet

Forfatter: Hildegunn Dale

Illustratør: Øyvind Lauvdahl

Tema: religion

Alder: Ungdom

Om boka

Kanskje ville menneska frå byen
kome køyrande inn i dalen
på blinkande motorsyklar.
Dei ville blande seg inn i alt muleg,
på skulen og på fotballtreninga.
Sånn som Anna, den nye jenta i klassen.
Og kor skulle ein forresten flytte fjellet?
Til Kina?

Jenta i denne forteljinga
vil ha bevis for at Gud høyrer bønn,
men ho er samstundes redd for å utfordre han.

Dette er ei bok om tru og tvil
tilpassa ungdom.
Boka har korte avsnitt
og eit enkelt språk.
Den har illustrasjonar i sort/hvitt.

Utdrag fra boka

Eg trur. Eg kunne aldri tenkje meg å tvile. Men trua
må vere fast som fjell om ho skal flytte fjell.
Trua må vere like fast som Grønskarvet. Umogeleg
å rikke. For andre enn Gud.

Og eg må vite sikkert kvar eg skal be Gud om å
flytte fjellet. Så det ikkje blir svevande der oppe, blir
ei truande blokk over bygda som stenger all sol ute.
Eg veit jo at det ikkje nyttar å kome til Gud med eit
halvt gjennomtenkt ynskje.

Antall sider: 39

Utgivelsesår: 2007

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: skjønnlitteratur

Forlag: Samlaget

ISBN: 9788252170382