Peri og Peti vender om

Om boka

Peri og Peti vågar seg ut i verda saman.
Dei høyrer, luktar og ser.
Men plutseleg blir det skummelt.
Då skundar dei seg heim.
Peri og Peti vender om
er ei enkel bok med mange bilete
og eit vaksent uttrykk. Bileta er sydd
og sidan fotografert.
Boka er stoffleg og vakker.
Boka høver godt til barn, ungdom, vaksne.
Du treng ikkje lese teksten for å ha glede av boka.
Boka har store, kjenslevarme bilete
og veldig enkel tekst.Helga Gunerius Eriksen er frå Stord og bur i Bergen.

Ho har skrive barn, ungdom og vaksne i snart 30 år.
Gunerius Eriksen debuterte i 1986
med biletboka På stripejakt.
I 1991 fekk ho Kritikarprisen for Finn Inga!
for beste barne- og ungdomsbok.
I 2003 fekk ho Brageprisen for Flugepapir,
saman med Gry Moursund.