Hopp til innhold

Norsk attraksjon

Norsk attraksjon

Forfatter: Linda Eide

Illustratør: Kristin Helgeland Hauge (foto)

Tema: historie, humor, samfunn

Alder: Voksne

Om boka

Her fin du dei utrulege og rare attraksjonane
fortalt med Eides særeigne stemme.
 

Dei dreg på tunellsafari på vestlandet,

og besøkjer Brekke som har nedbørsrekorden sidan 1990.
Vi får óg høyre om telefonkiosken på Bjørke
som vart oppringd av BBC ein heil sommar,
og om kvifor verdas største julenisse i plast
vart forvist ned til ferjekaien i Lyngen. 
Og er det verkeleg sant at Kristoffer Columbus var vestlending?  
 
Norsk attraksjon har eit godt enkelt språk ,
og ho er lettfatteleg og fengande skrive.
Boka har god ryddig layout, og det er enkelt å finne fram. 
Det er litt liten font nokre stader, t.d. i oppslagsdelen.

Utdrag fra boka

Ein dag landa dette brevet i innboksen vår:
Hei Norsk attraksjon!
Er de klar over at Kristoffer Columbus kom frå Hyen i Sogn og Fjordane? Der er det ein eigen park, Columbusparken med columbi-egget m.m. Eg har sett han sjølv!
Det er fort gjort å le. Columbuspark i Hyen! Med minnestein over nordfjordingen Columbus! Er dei fullstendig sprøe der inne? Held det ikkje med Odd-Bjørn Hjelmeset lenger? Er dei blitt stormannsgalne? Hallo? Koko!
Det er fort gjort å stilla mentale diagnosar når ein sit på eit kontor i Bergen og trur ein veit alt. Herregud, Columbus var då italiano. Certo. Finito.

Antall sider: 197

Utgivelsesår: 2009

Språk: nynorsk

Hovedkategori: Litt å lese

Sjanger: faglitteratur

Forlag: NRK Aktivum

ISBN: 9788281783089

Lån boka på ditt bibliotek: