Nød

Om boka

Slik begynner Nød,
ein underhaldande roman om alvorlege tema.
Om urettferd, om Bob Geldof og Live Aid.
Om kvifor vi blei som vi blei.
Om å ha veldig dårlig samvit.
Og om ein heilt vanlig fyr som startar
innsamlingsaksjonen «Lottomillionærar for Afrika».Are Kalvø har skrive ei rekke faglitterære bøker.

Nød er den første romanen hans.
Sjølv i nytt format, held Are Kalvø fram i kjend stil.
Han greier å seie noko viktig,
samtidig som han rettar ein godmodig peikefinger
mot kvar enkelt av oss.
Boka er litt lang, men språket er enkelt.

Utdrag fra boka

Då eg var femten, stal eg pengar frå svoltne ungar i Etiopia.

Eg stal ett tusen åtte hundre og tjuesju kroner og
femti øre. Kameraten min Tom vare med på det. Eg kunne
påstå at han var hjernen bak, men det ville vere å fråskri-
ve seg ansvaret. Vi var saman om det, Tom og eg. Tensing-
Jonas var også med oss, men han visste ingenting om
pengane. Han var berre med fordi han kunne spele orgel.
Han var utan skuld, som alltid. Vi kan ikkje skulde på
andre. Det var oss, berre oss, Tom og eg, som stal eitt
tusen åtte hundre og tjuesju kroner og femti øre frå
svoltneungar i Etiopia. Storparten av pengane kjøpte vi musikk
for. Vi brukte ein del på bussbillettar, mat og snop. Resten
er eg ikkje sikker på kva vi gjorde med.

Våre kriminelle karrierar starta laurdag 13. juli 1985
klokka 13.46. Vi sat heime hos meg og så Live Aid på tv.