No fær huset

Ei novellesamling om kvardagslivet
Livet har aller flest kvardagar.
Dagar med tap, sorg, kjærleik, venskap, familie og alt i mellom.
Dei elleve korte novellene handlar om normale menneske med vanlege liv.
Men kjedelege liv er det ikkje.
Kven er ho dama på toget som aldri sluttar å skravle?
Kva skjedde med han mannen du let gå?
Kven er mannen systera di har valt å leve livet sitt med?
Eller det unge paret som flyttar inn i eit nytt hus?
Novellene er skrive med eit konsist og tilgjengeleg språk, med korte setningar.
Dei har eit nærværande driv som dreg lesaren inn i historia.
Du kjem tett på personane og liva deira.
Tor har bygd nakke, han står midt ute på golvet no. Når
han forsøker å rette seg opp, ser eg kor grått ansiktet hans
er. Alle timane, samtalane eg har hatt framfor det ansiktet.
Eg angrar ikkje på Tor. Han støttar meg tilbake frå toalet-
tet. Eg veit eg er tung. Eg får lagt meg tilbake i senga, eg sti-
rer i taket.
Hovedkategori: Litt å lese
Sjanger: Noveller, skjønnlitteratur
Forlag: Samlaget
ISBN: 9788234002748