Nesten saman

Om boka

Dikt om kjærleik

Desse dikta er skrivne i eit enkelt, liketil språk.
Bokstavane er nokså små,
men det er berre ein setning på kvar linje.

Med få ord beskriv forfattaren korleis forelsking kan vere.
Ei fin og varm bok.

Utdrag fra boka

Kanskje du akkurat no er åleine.
Kanskje du trur at ingen bryr seg.
Kanskje du trur at ingen ser deg.
Kanskje du trur at du ikkje er bra nok.
Kanskje du trur at ingen veit kven du er.
Kanskje du ikkje kan førestelle deg
at det finst nokon som tenkjer på deg
og berre på deg
kvar dag, kvar time,
kvart minutt og sekund.